
SI blei etablert i Mo i Rana i 1990 som ein etat under Justisdepartementet. Etableringa vart oppretta med 65 faste stillingar. I det første heile driftsår kravde inn 355 millionar kroner.
I 2001 ble SI overført frå Justisdepartementet til Finansdepartementet. I 2010 har SI vakse til ein etat med 353 tilsette. Etaten krev inn over 3,1 milliardar kroner i året. Sidan oppstarten har SI fått tilført stadig fleire innkrevjingsoppgåver. I dag har SI mange ulike oppdragsgjevarar. Blant dei største oppdragsgjevarane er politiet og domstolane. NRK lisensavdelinga, Vegdirektoratet , Statens lånekasse for utdanning (SLK) og Tollvesenet er og store kundar hos SI.
I 2005 fekk SI nye oppdrag. mellom anna handsaming av innkassokrav frå SLK, bygging av eit felles saksbehandlarsystem for dei ordinære namsmennene og forliksråda, og eit forsøksprosjekt med SI som innkrevjar av statlege momskrav. I tillegg er SI også driftssentral for politiets økonomisystem.