5. Kva kan du og kreditor bli einige om?

Puslebitar og kaffikopp

Forhandlingar

Kanskje er du redd for å ringe til selskapet du skulder pengar for å spørje om nedbetaling?
Det treng du ikkje vere. Tenk på det slik, at om du kan betale noko, så er det meir enn ingenting for selskapet.

Dei som tek telefonen går på mange kurs for å vere både imøtekomande og i stand til å finne gode løysingar såg dette går bra. Du kan også spørje på e-post. Bruk lista du laga i førre punkt og kontakt kreditor for kreditor - dette skal du få til.

Hugs at det er best dersom du klarer å starte nedbetaling og ikkje ber om utsetjingar.


Kan du forhandle med Statens innkrevjingssentral?

Vi krev inn for mange ulike oppdragsgivarar og har ikkje styresmakt til å redusere eit krav (dvs. gjere den opphavlege summen mindre).

Men, vi kan saman sjå på andre løysingar:

  • Betalingsavtale (dersom kravet ikkje er misleghalde kan du freiste sjølvbeteningsløysingane her på nettsida, men er det til tvangsinnkrevjing må du kontakte oss).
  • Vi kan også vurdere ettergjeving, men det blir stilt strengje krav til dette.


Vil du at somme andre skal snakke med oss om saka di for deg?
Då må du gi den personen di fullmakt til dette.

Kontakt oss