4. Kor mykje kan du betale ned på gjelda?

Det kan ta ei stund før alle har sendt oversiktene til deg, men når du har fått alt så må du setje opp ei oversikt. Ikkje stress deg sjølv dersom du ikkje klarer å finne ut kva den opphavlege summen var på, det kan du spørje selskapet om.

Kuleramme

Kor mykje kan du klare å betale ned på gjeld kvar månad?

Livet blir nøydd til å endre seg for deg, men dette er nødvendig for at du skal kome i mål.

I førre trinn laga du ei oversikt over den økonomiske situasjonen din. Når du ser på den og kva du har igjen, kor mykje kan du betale per månad per kreditor?

PS.: følg spesielt med på postane "variable utgifter" og "Diverse", det er her det er enklast å leggje om vanar slik at du kan få litt romslegare økonomi.


Forslag til oppsett for forhandlingar

  • Namn på kreditor
  • Kontaktinfo (tlf eller e-post)
  • Opphaveleg sum
  • Dagens sum
  • Forslag månadssum
  • (avtalt sum med kreditor)

http://iof1.idrottonline.se/imagevaultfiles/id_95671/cf_6515/excel_ikon.jpgHer er eit rekneark du kan bruke for å få betre oversikt før du tek telefonen/e-posten fatt.


Neste trinn - 5. Kva kan du og kreditor bli einige om?

Kontakt oss