Får du "Vi beklager teknisk feil" ved opplastinga?

Feilmelding

PDF-filer

Innimellom ser vi at pdf-filer av ein eller annan grunn gir feilmeldingar når dei skal lastast opp. Årsaka kan vere at dette er ein lønnsslipp i pdf som er passordverna.
Dersom du gjer pdf-fila om til eit bilete, så kan det bli enklare å laste opp.

Slik kan du gjere ein pdf om til eit bilete du kan laste opp :

  1. Opne pdf dokumentet i eit program for dette, vel "Rediger" og deretter "kopiar fil til utklippstavle".
  2. Opne eit teikneprogram som for eksempel paint og lim inn det du har klipe ut.
  3.  Lagre dette som eit bilete jpg-fil og du kan laste dette opp i kontaktskjema som eit vedlegg.

Det er viktig at du sjekkar at biletet av dokumentet ditt er lett leseleg på skjermen, elles kan ikkje vi ta omsyn til dokumentasjonen.

Biletfiler (JPEG, TIFF, GIF, PNG)

Nettsida har ei avgrensing på 1,9 MB (eller 1 megapixel) per fil.
Dersom du opnar det i biletbehandlingsprogram kan du velje å lagre det i ein mindre storleik (dekomprimering).

Dei enklaste programma gir kanskje ikkje høvet til redusere størrelsen på fila, men dersom du klikkar på fila og vel at du vil sende den som e-post så kan du ofte fastsetje kvar stor du ønskjer fila skal vere når du sender den.

Det er viktig at du sjekkar at biletet av dokumentet ditt er lett leseleg på skjermen, elles kan ikkje vi ta omsyn til dokumentasjonen.

Kontakt oss