1. Skaff deg informasjon om gjelda di

Kikkert og forstørringsglas

Gjeld til

Slik skaffar du informasjon

Statens innkrevjingssentral

Logg deg inn og få oversikta direkte, eller klikk på «Ubetalte krav»-tenesta på framsida vår og få oversikta tilsende i posten.

Inkassoselskap
(medlem av Norsk Inkassoforening)

Foreininga har ei eiga nettside, kor du kan bestille «Gjeldsforespørsel». Fyll ut opplysningar om deg. Du får då oversikta tilsend i posten.

Andre inkassoselskaper

 Dei selskapa som ikkje har avtale med inkassoforeininga må kontaktast direkte. Du finn lista over desse på nettsida til inkassoforeininga (du finn linken i midten av sida under "HER"). La deg likevel ikkje skremme av lista, det er berre dei som du faktisk har krav hos du treng å kontakte.

Rekningar du har fått som ikkje er gått til inkasso

Her må du samle saman rekningane du har fått og sortere dei etter selskap. Legg gjerne den siste øvst slik at du ser kva du står overfor.

Studielån?
Det er viktig å ta i bruk dei rettane Lånekassen gir til deg (sjå nedste avsnitt).

Neste trinn - 2. Lag oversikt over inntekter og utgifter

Kontakt oss