Slik får du lånet tilbake til Lånekassen

Gjeld dersom lånet er oppsagt, men ikkje permanent overførd til oss.

Nøkkel

For å få studielånet tilbake må du betale misleghalden sum som er:

   Månadssummen du er for sein med
+ Forseinkingsrente (som blir rekna av heile studielånet, ikkje berre den mislegheldt månadssummen)
+ Eventuelle nye månadssummar som rekk å forfalle før du får betalt
___________________________________________________

=  Det du må betale for å få lånet tilbake til Lånekassen
============================================

Slik reknar du ut kor mykje forseinkingsrente du må betale per dag

Bruk Finansdepartements kalkulator for å berekne forseinkingsrenter.
Då får du rekna ut kvar mykje forseinkingsrente det er per dag som du må leggje til månadssummen.

Her er ei forklaring til tala du må setje inn i kalkulatoren for å få riktig berekning:

  • Forfallsdato = I brevet frå oss står det ei forklaring av korleis du betaler, «Forsinkelsesrenten blir rekna frå forfallsdato fram til du betaler». Det er denne datoen du set inn på «Forfallsdato» i kalkulatoren.

  • Betalingsdato = Her set du inn den datoen du betaler kravet i nettbanken eller med kort

  • Opprinnelig beløp ved forfall = Dette er summen på studielånet ditt. Du finn denne summen i brevet frå oss («Varsel om tvangsinnkrevjing av misleghalde studielån»)

Kva meiner vi med nye månadssummar (terminar) og kvar ser du når dei forfell?

Nye terminar (månadssum)
Når Lånekassen sender studielånet over til oss så har du misleghalde det over tid. Det betyr at du er litt «bakpå>» og det er kanskje ikkje berre ein månadssum som må betalast, men også dei nye månadssummar som forfell i nærmaste framtid hos oss.

Sjekk om fristen er passert på nye månadssummar (terminar) - du må betale 3 dagar før forfallsfristen
Du finn fristen for nye månadssummar under "Forfallsdato på nye terminsum» i brevet. Det er vanlegvis den 15. i kvar månad, dersom ikkje du har valt deg ein annan fast forfallsdato på studielånet.  Du må betale, 3 dagar FØR dei nye månadssummane forfell, då blir dei/den registrert tidsnok inn i systemet.

Blir du for sein så blir det automatisk rekna nye månadssummar hos Lånekassen som dei sender over til oss. Då må også du berekne forseinkingsrente i tillegg på den nye månadssummen.

Synest du dette var vanskeleg?

Det forstår vi godt og det er berre å ringe oss for å få hjelp til utrekninga Tlf: 751 49 002

Kontakt oss