Overlastgebyr

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom du kjører kjøretøy med tillatt totalvekt over 3500 kg og du bryt vedtak om last av aksel/akselkombinasjon eller totalvekt, må den som eig kjøretøyet betale overlastgebyr til statskassa.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving eller klage på ilegging av kravet, er det utliknar av kravet som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottar anna beskjed frå utliknar av kravet.

Aktuelle lovheimlar

-ilagd gebyr, jf. vegtrafikklova § 38 andre ledd, jf. tvangsfullfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 02.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Utliknar

    Oppdragsgjevar. Til dømes NRK for NRK-lisensen.

Kontakt oss