Prospektgebyr noterte prospekter framandkapital

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Til lokal namsmann

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Ved opptak til børsnotering er det eit vilkår at selskapet utarbeider eit prospekt, d.v.s. ei skildring av verksemda til selskapet og av alle andre forhold som kan ha tyding for vurdering av aksjen som eit investeringsobjekt. Finanstilsynet kan krevje gebyr til dekning av utgifter ved godkjenning av prospekt frå den som utarbeider prospektet.

Dersom de ønskjer å søkje om ettergiving eller å klage på at kravet har oppstått, er det Finanstilsynet som behandlar søknaden. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens søknaden blir behandla, dersom vi ikkje mottek anna melding frå Finanstilsynet.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

Dersom kravet ikkje blir betalt innan forfall, spring det forseinkingsrente på kravet.

SI kan skattemotrekne kravet.

Det skal ikkje gjerast tvangsinnkrevjing av prospektgebyr med mindre det i enkeltsaker er avtalt særskild med Finanstilsynet. SI skal sende ut faktura og purring. Dersom gebyret ikkje er betalt innan fristen i purrebrevet, skal SEIE gi melding til Finanstilsynet.

Aktuelle lovheimlar

verdipapirhandellova § 7-11 fyrste ledd

SI-lova § 8

SI-lova § 7

SI-lova§ 4

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss