DSB - Førsteleddsomsetningsavgift

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Det er Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) som ilegg avgifta. Denne avgifta er knytta opp mot kontrollar, men er likevel ei årleg avgift som må bli betalt, uavhengig av om det har vore kontroll eller ikkje.

Avgifta dekk 3 forskjellege områder:

  • avgift for å lage og å handle med sprengstoff og krutt
  • avgift for å handle med olje- og gassprodukter og løysingsmidlar
  • avgift for å føre i land olje og gass i rørledninger frå sjøen.

 

Storleiken på avgifta vert berekna ut frå talet på tonn som er omsatt/produsert og gjeld bestandig første ledd i omsetningskjeda.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving eller klage på ilegging av kravet, er det DSB som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå DSB.

Aktuelle lovheimlar

-krav på avgift, jf. brann- og eksplosjonsvernlova § 28, fjerde ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 02.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss