Dette kan du gjere på nettsida

Tvangsbot blir ilagd for å framtvinge ei handling. Barnelova § 65 gir domstolane høve til å dømme tvangsbot dersom avgjerd om samvær, avgjerd om foreldreansvar og om kvar barnet skal bu fast, ikkje blir respektert.

Krav om tvangsfullføring av foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast eller samvær, må fram for tingretten i det distriktet der saksøkte (den forelderen avgjerda skal tvangsfullbyrdast mot) bor.

For at tvangsbot skal bli ilagd, må det vere ei avgjerd frå ein domstol (allment tvangsgrunnlag) om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast eller om samvær. Har foreldra ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær, kan fylkesmannen fastsetje at denne skal kunne tvangsfullbyrdast (særleg tvangsgrunnlag).

 

Aktuelle lovheimlar

Barnelova § 65

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

SI-lova§ 4

-rettskraftig dom/kjenning, jf tvangsfullføringslova § 4-1 annet ledd bokstav a

Kontakt oss