Tilbakebetaling av midlar Norsk senter for utviklingsarbeid (Norec)

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Til lokal namsmann

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Krav om tilbakebetaling av tilskot oppstår som følgje av at Norec har gitt tilskot til partnerar. Norec kan fatte vedtak om tilbakebetaling av heile eller delar av tilskotet dersom det er ubrukte midlar i prosjektet, tilskotsmidlane blir nytta på ein annan måte enn det som er avtalt, og ved eventuelle feilutbetalingar frå Norec.

Tilbakebetaling av tilskot som blir pålagt statlege etatar, det vil seie staten, kommunen, fylkeskommunen, eit interkommunalt selskap, regionalt helseføretak, helseføretak - kan ikkje tvangskrevjast.

Dersom du ønskjer å klage på at kravet oppstod, er det Norec som behandlar dette.

Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottek anna melding frå Norec.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

Aktuelle lovheimlar

SI-lova § 8

-skriftstykke, jf. tvangfullføringslova § 7-2 bokstav f

Kontakt oss