Vinningsavståing

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Finanstilsynet kan avgjere vinningsavståing, dersom ei verksemd har oppnått ulovleg økonomisk gevinst ved å bryte verdipapirhandellova.

Dersom den økonomiske gevinsten er tilkomen eit selskap som inngår i eit konsern, heftar selskapet sitt morselskap og morselskapet i det konsernet selskapet er ein del av, subsidiært for summen.
Eit konsern betyr at eit anna selskap har bestemmande innverknad (morselskapet) overfor det andre selskapet (dotterselskapet). Kravet kan altså ha fleire skuldmenn (kan vere solidarisk ansvarlege).

Dersom de ønskjer å søkje om ettergiving eller å klage på at kravet har oppstått, er det Finanstilsynet som behandlar søknaden. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens søknaden blir behandla, dersom vi ikkje mottek anna melding frå Finanstilsynet.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

Vinningsavståing er eit krav som vi kan skattemotrekne.

Dersom kravet ikkje blir betalt innan forfall, spring det forseinkingsrente på kravet.

Kontakt oss