Bot - Forenkla førelegg ATK

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde
Kravbeløp +
kr 570,-

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde
Kravbeløp +
kr 1700,-

Tvangsinnkrevjing

4. Utleggsforretning

Bilde

5. Varsel om utleggsforretning

Bilde

Soning

6. Oppmodning om soning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Når du blir teken i ein automatisk trafikk-kontroll (fotoboks) blir køyretøy fotografert framanfrå slik at politiet kan identifisere den som køyrde og lese kjennemerket på bilen.

Når politiet identifiserer førar av køyretøy, blir send forenkla førelegg til sjåføren.

I dei tilfella der politiet ikkje identifiserer førar, sender politiet ei melding om brottsverket til bileigar. Eigar blir gitt høve til å seie kven som var førar.

Tilbod om forenkla førelegg blir sendt til førar av køyretøyet med ein svarfrist. Dersom førar ikkje vedtek innan fristen kan saka overførast til retten.
Etter at førar har vedteke forenkla førelegg blir saka overført elektronisk til oss.

Oversending av førelegget til oss kan ta tid. Når vi mottek kravet, sendast det ut ein faktura som du kan betale eller bruke til å innvilge deg ei betalingsavtale. Det leggast ikkje gebyr på første faktura. 

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (bli benåda) eller klage på at du er ilagd kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • ATK

    Automatisk Trafikk Kontroll (fotoboks)

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Forelegg

    Reaksjon på eit straffbart forhold. Til dømes ei bot.

Kontakt oss