DSB Bot - refsingsordre

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

Tvangsinnkrevjing

2. Utleggsforretning

Bilde

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) ved sivilforsvaret ilegg bøter dersom du får disiplinær refsing.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (nådegjeving) eller klage på at du er ilagd kravet, er det DSB som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå DSB.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Aktuelle lovheimlar

-refsingsordre, jf. sivilforsvarslova § 63 andre ledd nr. 4, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav d. For refsingsbøter ilagd etter 01.01.11, refselsesbot, jf. sivilbeskyttelseslova § 11 første ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav d.

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Nådegjeving

    Å ettergje ei straff. Ei bot er ei straff, og det å ettergje ei bot vert derfor kalla ei nådegjeving.

  • Utliknar

    Oppdragsgjevar. Til dømes NRK for NRK-lisensen.

Kontakt oss