Bot - Forenkla førelegg

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Varsel om utleggsforretning

Bilde

5. Utleggsforretning

Bilde

Soning

6. Oppmodning om soning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Mange av dei vanlege trafikkbrota blir straffa med forenkla førelegg dersom hendinga ikkje er alvorleg.

Du vil få et forenkla førelegg dersom trafikkbrotet blir oppdaga på staden av politiet. Saka blir avgjort der og då ved at du aksepterar førelegget.

Alternativet er at ein politijurist må vurdere saka. Dersom han kjem fram til at lova er broten, får du eit vanleg førelegg (bot). Forskjellen på desse er at eit vanleg førelegg blir registrert i bøteregisteret hos politiet, det gjer ikkje eit forenklet førelegg. Dersom du har akseptert eit forenkla førelegg, kan man som hovudregel ikkje angre på det og klage på førelegget.

Politiet sender førelegget til oss. Oversendinga av førelegget til oss kan ta tid. Når vi mottek kravet, sendast det ut ein faktura som du kan betale eller bruke til å innvilge deg ei betalingsavtale. Det leggast ikkje gebyr på første faktura. 

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (bli benåda) eller anke at du er ilagd kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Forelegg

    Reaksjon på eit straffbart forhold. Til dømes ei bot.

Kontakt oss