Forenkla Tollførelegg

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Varsel om utleggsforretning

Bilde

5. Utleggsforretning

Bilde

Soning

6. Oppmodning om soning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Forenkla tollførelegg blir skrive ut på staden derosm du blir avslørt for smugling når du passerar grensa, i tollen på ein flyplass, eller når du går i land frå ei ferje frå utlandet. Og i dei tilfella der politiet forfølgjer ein smuglar på ferske spor og stoppar smuglaren på eit seinare tidspunkt enn grensepasseringa, kan dei skrive ut forenkla tollførelegg.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (nådegjeven) eller klage på at du er ilagd kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

Kontakt oss