Bot - Forenkla sjøførelegg

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Varsel om utleggsforretning

Bilde

5. Utleggsforretning

Bilde

Soning

6. Oppmodning om soning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Mange av dei vanlege brota blir straffa med forenkla førelegg dersom hendinga ikkje er alvorleg.
Du vil få eit forenkla førelegg dersom trafikkbrota blir oppdaga på staden av politiet. Saka blir avgjort der og då ved at du aksepterar førelegget.

Alternativet er at ein politijurist må vurdere saka. Dersom han kjem fram til at lova er broten, får du eit vanleg førelegg (bot). Forskjellen på desse er at eit vanleg førelegg blir registrert i bøteregisteret hos politiet, det gjer ikkje eit forenkla førelegg. Dersom du har akseptert eit forenkla førelegg, kan man som hovudregel ikkje angre på det og klage på førelegget.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (nådegjeven) eller klage på at du er ilagd kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Oversikt over bøtesatsane for brot av Lov om fritids- og småbåter

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

  • Kva regelbrot fører til prikkbelastning?

    Dette finn du på samferdselsdepartementets nettsider.

  • Faktura frå politiet - klarar du ikkje å betale kravet innan fristen?

    Du må vente litt før du tek kontakt med oss eller prøver sjølvbeteninga på denne fakturaen.

    Frå du blei ilagd kravet av politiet (fekk papirgiroen), så tek det 6-8 veker før den kjem inn i systemet vårt.
    Vi har derfor ikkje noko krav å behandle før kravet er kome til oss.

    Når kravet er registrert inn hos oss
    Då sender vi ut ein ny faktura til deg (det kostar deg ikkje noko ekstra at du ventar på vår fyrste faktura til deg).
    KID-nummeret på denne kan du bruke til å lage deg avdragsplan eller utsetjing på kravet. Du finn sjølvbeteninga på framsida.

Kontakt oss