Bot - Vanleg førelegg

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Purring

Bilde

3. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

4. Varsel om utleggsforretning

Bilde

5. Utleggsforretning

Bilde

Soning

6. Oppmodning om soning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom det er eit alvorleg brot, eller av ein slik type at politiet ikkje kan gi deg eit forenkla førelegg, skriv ein jurist hos politiet ut eit vanleg førelegg og sender det til deg i posten etter at saka er etterforska nærmare.

Du får ein frist på nokre dagar til å vedta førelegget eller ikkje. Dersom du vil protestere mot førelegget, må du ta kontakt med den politiadvokaten som har skrive førelegget. Dersom du ikkje vedtar førelegget, vert saka sendt til den lokale tingretten for å få avgjort den.

Du har ikkje krav på ei offentleg oppnemnd forsvarar i slike saker, og politiet vil normalt plusse på saksomkostingar når slike saker blir behandla i tingretten.

Politiet sender førelegget til oss. Oversendinga av førelegget til oss kan ta tid. Når vi mottar kravet, sendast det ut ein faktura som du kan betale eller bruke til å innvilge deg en betalingsavtale. Det leggast ikkje gebyr på første faktura. 

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving (nådegjeving) eller klage på at du er ilagd kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Vi kan behandle søknad om ettergjeving av purregebyr.

Aktuelle lovheimlar

-vedtatt førelegg, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav c

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 02.

Kontakt oss