Lovbrotsgebyr – havressurslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Fiskeridirektoratet dømmer lovbrotsgebyr til den som har brote havressurslova. Gebyret kan bli pålagd både personar og verksemd, men det mest praktiske er personar. Når eit farty har fiska for mykje, vil det vere kapteinen som er ansvarleg for dette og dermed han som blir pålagd gebyret.

Dersom lovbrotsgebyret ikkje blir betalt innan fristen på fyrste faktura, spring det forseinkingsrende etter forseinkingsrentelova.

Lovbrotsgebyret er eit krav som vi kan skattemotrekne og motrekne i fangstoppgjer hos salslaga.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergiving eller klage på at kravet er oppstått, er det den regionen av Fiskeridirektoratet som har pålagd kravet som skal behandle søknaden. Det vil seie at dersom lovbrotsgebyret er pålagd av region Nordland, så skal du sende klaga dit.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

SI kan skattemotrekne kravet.

Aktuelle lovheimlar

Avgjerd om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg etter havressurslova paragraf 59 tredje ledd jf. -tvangsfullføringslova paragraf 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

SI-lova § 7

SI-lova§ 4

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss