Lovbrotsgebyr - marknadsføringslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Forbrukertilsynet og Markedsrådet kan påleggje gebyr ved brot av visse avgjerder i marknadsføringslova. Når Forbrukertilsynet eller Markedsrådet har fatta endeleg vedtak om lovbrotsgebyr, informerer dei skuldnar om vedtaket og sender kravet til SI for innkrevjing.

Dersom du ønskjer å klage på at kravet oppstod, er det Forbrukertilsynet som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottek anna melding frå Forbrukertilsynet.

Aktuelle lovheimlar

Marknadsføringslova § 43

Marknadsføringslova § 43 tredje ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Kontakt oss