Erstatningskrav gjeld erstatning for personskadar som følgje av ei straffbar handling som er fastsette i ei sivil sak (ikkje offentleg straffesak).  Vi kan berre krevje inn for den personen som er påført skaden, eller attlevande av denne personen.

Vi krev inn desse krava hos den som har gjort skaden når vi har fått fullmakt/samtykke frå den som skal ha erstatningssumen.

Dersom du  er den som skal betale erstatning og ønskjer å søkje om ettergiving av eit erstatningskrav, er det berre skadelidne sjølv som kan ta stilling til spørsmålet. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottek anna melding frå skadelidne i saka.

Aktuelle lovheimlar

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss