Erstatningskrav UFD - Dom

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkreving

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dette er krav om erstatning frå Forsvarsdepartementet som er ilagd i samband med ei offentleg straffesak, det kan vere dom, vedteke førelegg eller påtaleunnlating. Erstatning er ikkje ei straff, men krav som kan vere erstatning for ”tort og svie”, påløpte eller framtidig økonomiske tap, erstatning for tap av forsørgjar, erstatning for skade på person, eller for skade på ting.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving av eit erstatningskrav, er kun skadelidne sjølv som kan ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå skadelidne i saka.

Aktuelle lovheimlar

-rettskraftig dom, jf. tvangsfullføringslova § 4-1 andre ledd bokstav a

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

Ordbok

  • Ettergivelse

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter helt/delvis gjeld eller renter.

  • Påtaleunnlatelse

    Strafferettslig reaksjon. Påtalemyndigheten bestemmer at det ikke skal tas ut tiltale selv om straffeskyld anses som bevist.

Kontakt oss