Forseinkingsgebyr - Rekneskapslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom du ikkje sender inn eit komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret før 31.juli, vil du få forseinkingsgebyr. Dette gjeld for einingar med avslutningsdato i perioden 01.07.–31.12. For einingar med avslutningsdato i perioden 01.01.–30.06. er tilsvarande frist før 31.januar.

Styret blir ansvarleg når dagleg leiar eller rekneskapsførar ikkje har sendt til Regnskapsregisteret innan fristen:

Forseinkingsgebyret vil fyrst bli registrert på eininga. Dersom ikkje eininga betaler, må styremedlemene betale krava (Les meir om ansvaret du har som styremedlem: solidaransvar).

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving eller klage på ilegging av kravet, er det Rekneskapsregisteret som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå Rekneskapsregisteret.

Gebyrsatsane

Aktuelle lovheimlar

-ilagd forseiningsgebyr, jf. regnskapslova § 8-3 fjerde ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7–2 bokstav e

Relaterte spørsmål og svar

Kontakt oss