Dette kan du gjere på nettsida

Dersom påtalemyndigheita meiner at nokon har hatt forteneste av eit brotsverk, vert det som oftast ilagd inndraging av utbyttet. Inndraging kan følgje både ved dom, førelegg og forenkla førelegg.

Vi krev berre inn inndragingar som er eit pengebeløp.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving av kravet, er det påtalemyndigheita som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå påtalemyndigheita.

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 02.

Ordbok

  • Påtalemyndigheita

    Den offentlege myndigheita som påtalar straffbare handlingar. Det kan til dømes vere Riksadvokaten, statsadvokaten og juristar i politiet.

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Påtaleunnlating

    Strafferettsleg reaksjon. Påtalemyndigheita vedtek at det ikkje skal takast ut tiltale sjølv om straffeskyld vert sett på som bevist.

Kontakt oss