NRK - kringkastingsavgift

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Tvangsinnkrevjing

1. Varsel om innkrevjing

Bilde

2. Varsel om utleggsforretning

Bilde

3. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Du er registrert som lisensbetalar hos NRK lisensavdelingen dersom du har TV eller anna mottakarutstyr. Uansett kva kanalar du ser på eller kva fjernsynsmottakar du har, er du pliktig til å betale lisensavgift.

TV-lisensen skal betalast to gongar i året.  

  • Første termin gjeld frå 1.januar til 30. juni, med forfallsdato 31.januar.
  • Andre termin gjeld for 1. juli til 31.desember og har forfallsdato 31.juli.

Dersom du ikkje betalar TV-lisensen etter desse fristane, vil NRK overføre lisensen til oss for innkrevjing. Første termin vert overført i 2. kvartal og den andre terminen vert overført i 4.kvartal.
Vi startar då innkrevjinga, vi gjer merksam på at det vert lagt til store kostnadar når NRK har ført over TV-lisensen til oss.

Du kan ikkje få avdragsordning eller betalingsutsetjing når TV-lisensen er overført til oss.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving eller vil klage på TV-lisensen, er det NRK lisensavdelingen som behandlar dette. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi tar i mot anna beskjed frå NRK lisensavdelingen.

Aktuelle lovheimlar

-kringkastingsavgift og tilleggsavgift, jf. kringkastingslova § 8-4 tredje ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsutsetjing eller avdrag på NRK-lisensen?

    Du kan ikkje få betalingsutsetjing eller avdrag på NRK-lisens.
    Når kravet er kome til oss er det gått til tvangsinnkrevjing.

    Dersom du ikkje betaler kravet i si heilheit, tar vi  utlegg i lønn, trygd eller andre formuesgoder.

  • Har betalt NRK-lisensen - likevel fått krav?

    Sjekk først om betalinga du har gjort gjeld ein annan termin enn det kravet du har fått no. 

    Ver merksam på at NRK sjølv sender ut lisenskrav to gangar i året.
    Vi sender ut lisenskrav som tidlegare ikkje er betalt inn til NRK.

    Det er vanleg å forveksle den løpande lisensen som NRK sender ut sjølv, med dei mislighaldne lisensane vi sender ut.

  • Ikkje TV i bruk – likevel fått krav om NRK-lisens?

    Du må kontakte NRK lisensavdelingen.

    Telefon: 75 12 27 10

    Adresse:
    NRK - Lisensavdelingen,
    8607 Mo i Rana.

    Eller gå til NRK-Lisenskontoret.

  • Ueinig i krav om NRK-lisens?

    Du kan sende ei klage med grunngjeving til oss. Vi sender denne vidare til NRK-lisensavdelingen.

    Vi stansar ikkje innkrevjinga under klagebehandlinga.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss