Studiegjeld (Studielån) - Permanent overført

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom du mislegheld studielånet ditt meir enn 3 år, kan lånet bli permanent overført til oss. Vi overtar då all innkrejving og behandling av studielånet, det er altså kun oss du skal stille deg til.

Når vi overtar studielånet permanent, mister du alle rettigheitene du hadde i Lånekassen.

Før lånet blir permanent overført, får du både varselbrev og vedtaksbrev om overføringa av gjelda frå Lånekassen.

Aktuelle lovheimlar

-krav på tilbakebetaling av utdanningsstøtte, jf. utdanningsstøttelova § 11, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

Relaterte spørsmål og svar

  • Permanent overført studielån – kva tyder det?

    Er studielånet permanent overført til oss, har du mista alle rettigheitene i Lånekassen og vi har overtatt all innkrevjing.

  • Kan eg få avdragsordning på studielånet?

    Vi har anledning til å vurdere betalingsavtale på studielån, ta kontakt med oss på telefon 75 14 90 00.

  • Innkrevjing av studielån - kven skal eg kontakte?

    Du kan ta kontakt med oss om:

    • Betalingsavtalar
    • Trekk i løn eller trygd
    • Pant
    • Konkurs
    • Gjeldsordning
    • Innkrevjing i utlandet
    • Ettergjeving, på grunn av økonomiske problem


    Ver merksam på at det er forskjel på oppsagt og permanent overført studielån.
    Om studielånet ditt er oppsagt har du famleis muligheit til å få det tilbake til Lånekassen, og du har rettigheitene dine i behald. Derfor skal du ta kontakt med Lånekassen om du har spørsmål som gjeld rettigheiter på studielån.

    Er studielånet permanent overført til oss, har du mista rettigheitene dine og vi har overtatt all innkrevjing.

  • Rentefritak eller betalingsutsetjing når studielånet er overført til SI?

    Om studielånet er oppsagt (midlertidig overført til oss), har du framleis rettigheitene dine hos Lånekassen og du må kontakte dei.

    Når studielånet er permanent overført til oss, må du sende søknad om dette til oss.

Ordbok

  • Misleghalde beløp

    Det beløpet du er på etterskot med, til dømes den opprinnelege betalingsplanen for studielånet ditt.

  • Mishald

    Kontraktsbrot. Til dømes når eit krav ikkje kan bli betalt innan forfallsdato.

Kontakt oss