Studielån - Oppsagt studielån

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Tvangsinnkrevjing

1. Varsel om innkrevjing

Bilde

2. Varsel om utleggsforretning

Bilde

3. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom du ikkje betalar terminbeløpene til Lånekassen etter purring og varsel, vil du få eit brev om oppseiing. Dersom du fortsatt ikkje ordnar opp, vil du få eit nytt brev frå Lånekassen med vedtak om oppseiing av lånet.

Når lånet er sagt opp, blir det utrekna forseinkingsrente på heile studielånet.
Heile studielånet vil no bli overført oss. I tillegg er det vi som behandlar søknader om gjeldsordning eller sletting av pant.

Dei terminbeløpa som du ikkje har betalt slik du skulle, vert kalla misleghalde studielån. No skal du betale til oss inntil du har betalt alle misleghaldne terminar. Då går lånet tilbake til Lånekassen for betaling etter opprinneleg betalingsplan.

Aktuelle lovheimlar

-krav på tilbakebetaling av utdanningsstøtte, jf. utdanningsstøttelova § 11, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav e

Relaterte spørsmål og svar

  • Kan eg få avdragsordning på studielånet?

    Vi har anledning til å vurdere betalingsavtale på studielån, ta kontakt med oss på telefon 75 14 90 00.

  • Misleghaldne beløp – kva er det?

    Misleghaldne beløp er forfalne og ubetalte terminar. Du må betale misleghalde beløp for at studielånet ditt skal bli tilbakeført til Lånekassen.

  • Innkrevjing av studielån - kven skal eg kontakte?

    Du kan ta kontakt med oss om:

    • Betalingsavtalar
    • Trekk i løn eller trygd
    • Pant
    • Konkurs
    • Gjeldsordning
    • Innkrevjing i utlandet
    • Ettergjeving, på grunn av økonomiske problem


    Ver merksam på at det er forskjel på oppsagt og permanent overført studielån.
    Om studielånet ditt er oppsagt har du famleis muligheit til å få det tilbake til Lånekassen, og du har rettigheitene dine i behald. Derfor skal du ta kontakt med Lånekassen om du har spørsmål som gjeld rettigheiter på studielån.

    Er studielånet permanent overført til oss, har du mista rettigheitene dine og vi har overtatt all innkrevjing.

  • Rentefritak eller betalingsutsetjing når studielånet er overført til SI?

    Om studielånet er oppsagt (midlertidig overført til oss), har du framleis rettigheitene dine hos Lånekassen og du må kontakte dei.

    Når studielånet er permanent overført til oss, må du sende søknad om dette til oss.

Kontakt oss