Vegadministrasjonsgebyr (trafikkgebyr/ parkeringsgebyr)

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde
Kravbeløp + 50%

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Dersom du gjer mindre misferder, slik som feilparkering, ikkje betalar piggdekkavgift, ikkje brukar bilbelte osv, kan politiet eller regionsvegkontora påleggje deg eit vegadministrasjonsgebyr (trafikkgebyr).

Dersom du ønskjer å søkje om ettergjeving eller vil klage på pålegging av kravet, er det utliknar av kravet som må ta stilling til førespurnaden. Innkrevingja blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottar anna beskjed frå utliknar av kravet.

Aktuelle lovheimlar

-ilagd gebyr, jf. vegtrafikklova § 38 andre ledd, jf. tvangsfullfullføringslova § 7-2 bokstav e

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Faktura frå politiet - klarar du ikkje å betale kravet innan fristen?

    Du må vente litt før du tek kontakt med oss eller prøver sjølvbeteninga på denne fakturaen.

    Frå du blei ilagd kravet av politiet (fekk papirgiroen), så tek det 6-8 veker før den kjem inn i systemet vårt.
    Vi har derfor ikkje noko krav å behandle før kravet er kome til oss.

    Når kravet er registrert inn hos oss
    Då sender vi ut ein ny faktura til deg (det kostar deg ikkje noko ekstra at du ventar på vår fyrste faktura til deg).
    KID-nummeret på denne kan du bruke til å lage deg avdragsplan eller utsetjing på kravet. Du finn sjølvbeteninga på framsida.

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

  • Utliknar

    Oppdragsgjevar. Til dømes NRK for NRK-lisensen.

Kontakt oss