Tvangsmulkt - Kringkastingslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

For å sikre at kringkastingslova blir overhalde når det gjeld konsesjonsplikt, opptak av program, opplysningsplikt, reklame med meir, kan Medietilsynet påleggje deg ei tvangsmulkt.

Tvangsmulkta kan vere eit eingongsbeløp eller ei laupande mulkt.

Dersom du ønskjer å søke om ettergjeving eller klage på pålegging av kravet, er det Medietilsynet som behandlar det. Innkrevjinga blir ikkje stansa under behandlinga av søknaden før vi mottar anna beskjed frå Medietilsynet.

Aktuelle lovheimlar

-Vedtak om tvangsmulkt, jf. kringkastingslova § 10-4, 3. ledd, jf. tvangsfullføringslova § 7-2 bokstav d

SI-lova § 8

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsopplysningar – kor finn eg det?

    Vårt kontonummer er 7694.05.12057.
    Bruk KID-nummer frå tilsendt betalingsblankett ved innbetaling. KID-nummeret har alltid enten 15 eller 23 teikn. Dersom siste teiknet i KID-nummeret er eit minusteikn "-", skal dette takast med.


    Manglar du KID-nummer, må du oppgi vår referanse eller kravnummer som betalingsinformasjon.

    Betaling frå land utanfor Noreg skal gjerast til:
    IBAN NO98 7694 0512 057
    BIC (SWIFT) DNBANOKK

    Adresse:
    DNB
    PB 1600 Sentrum
    NO-0021 OSLO.

  • Eg har betalt, korfor stansar dere ikkje innkrevjinga?

    Dette kan vere fordi vi ikkje hadde registrert betalinga di då fakturaen eller kravbrevet vart sendt ut.

    Logg inn på Din side for å sjå om betalinga er registrert no eller ring oss på telefon 75 14 90 00.

Ordbok

  • Ettergjeving

    At den du skylder penger til (kreditor) sletter heilt/delvis gjeld eller renter.

Kontakt oss