Tvangsmulkt - havressurslova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Fiskeridirektoratet kan dømme tvangsmulkt etter havressurslova, for å sikre at eit pålegg som er gitt i eller i medhald av lova, blir følgt.  Tvangsmulkta blir pålagd normalt den som har ansvaret for å følgje pålegget. Er det eit selskap eller anna samanslutning som skal utføre pålegget, er det dei som blir pålagd tvangsmulkta. Er tvangsmulkta pålagt eit selskap som inngår i eit konsern, kan den også krevjast hos morselskapet. I vedtaket om tvangsmulkt kan Fiskeridirektoratet fastsetje at fleire skal vere ansvarlege. Desse hefta då solidarisk for tvangsmulkta. Tvangsmulkta kan fastsetjast både som eingongsmulkt og som løpande mulkt.

Dersom tvangsmulkta ikkje blir betalt innan fristen på fyrste faktura, spring det forseinkingsrende etter forseinkingsrentelova.           

Tvangsmulkt – havressurslova er eit krav vi kan skattemotrekne og motrekne i fangstoppgjer hos salslaga.

Dersom du ønskjer å søkje om ettergiving eller å klage på at kravet oppstod, er det den regionen av Fiskeridirektoratet som har pålagd kravet som skal behandle søknaden. Det vil seie at dersom tvangsmulkta er pålagd av region Nordland, så skal du sende klaga dit.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

Aktuelle lovheimlar

Pålegg om tvangsmulkt etter havressurslova er tvangsgrunnlag for utlegg etter tvangsfullføringslova § 7-2 d

SI-lova § 8

SI-lova § 7

SI-lova§ 4

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss