Tvangsmulkt – verdipapirhandellova

Korleis skjer innkrevjinga for dette kravet?

(Trykk på stega for å lese meir)

Frivilleg innkrevjing

1. Faktura

Bilde

2. Varsel om tvangsinnkrevjing

Bilde

Tvangsinnkrevjing

3. Varsel om utleggsforretning

Bilde

4. Utleggsforretning

Bilde

Dette kan du gjere på nettsida

Når ei verksemd ikkje overheld verdipapirhandellova sitt kapittel 7, kan Finanstilsynet påleggje verksemda å rette opp forholdet innan ein fastsette frist. Dersom eit pålegg av Finanstilsynet ikkje blir følgt innan fristen, kan Finanstilsynet fastsetje at verksemda skal betale ei løpande mulkt. Løpande tvangsmulkt betyr at mulkta fortset å springe helt til verksemda har utført oppgåva det er pålagt å gjere.

Dersom de ønskjer å søkje om ettergiving eller å klage på at kravet har oppstått, er det Finanstilsynet som behandlar søknaden. Vi stansar ikkje innkrevjinga mens søknaden blir behandla, dersom vi ikkje mottek anna melding frå Finanstilsynet.

SI kan behandle søknader om nedsetjing av kravet, jf. SI-lova § 8. SI kan sette ned kravet dersom vi trur at ei nedsetjing av kravet vil gi betre dekning enn framleis innkrevjing av kravet. Vi kan ikkje sette ned kravet, dersom vi trur at dette vil verke støytande overfor andre eller svekkje den allmenne betalingsmoralen.

Dersom kravet ikkje blir betalt innan forfall, spring det forseinkingsrente på kravet.

Tvangsmulkt etter verdipapirhandellova er eit krav vi har moglegheit til å skattemotrekne.

Aktuelle lovheimlar

Verdipapirhandellova § 17-1 fjerde ledd

SI-lova § 8

SI-lova § 7

SI-lova§ 4

SI-lova § 1 jamfør SI-forskrifta § 1

Kontakt oss