Har du for høgt trekk i lønn/trygd?

Vi kan ikkje endre eit lønns- eller trygdetrekk på telefonen.
Dette må du søkje om.

Tomme lommer

Søk om lågare trekk

Vanlege årsaker til at trekket blir for høgt

  1. Har inntektssituasjonen din forandra seg frå tidlegare år?
    Vi bruker lønnsopplysningar om deg frå tidlegare år sine skattelikningar. Dersom du no er arbeidsledig eller jobbar i mindre stilling enn før, er det viktig at du dokumenterer denne endringa slik at trekket blir justert riktig.

  2. Kva kan skje dersom du ikkje sender inn dokumentasjon på økonomien din?
    Dersom du ikkje sender inn dokumentasjon på utgiftene og inntektene dine blir det brukt i staden anslet tal. For inntekta din blir inntektsopplysningar brukte frå tidlegare år.

    Korleis kan dette påverke trekket ditt?

    Dersom du til dømes betaler høgare husleige per månad enn det vi har vurdert for deg, og/eller du har gått ned i inntekt utan at du korrigerer dette med nye opplysningar - då ser det ut som om du kan ha eit høgare lønnstrekk.

    Mogeleg resultat: du får eit høgare trekk i lønn/trygd enn økonomien din reelt toler


Kva må du dokumentere og korleis?

Du må sende oss dokumentasjon på utgiftene og inntektene du faktisk har, slik som buutgifter, barnepass, etc. Dette gjer du ved å bruke skjema for opplysningar om økonomien din, og leggje ved dokumentasjon som kvitteringar eller avtalar.

Les meir om korleis du gjer dette riktig her: Dokumentasjon.

Kontakt oss