Kan du få utsetjing eller lågare trekk/avdrag fordi det er desember?

Dessverre kan vi ikkje endre på trekket/avdraget, eller gi utsetjing fordi det er desember månad.


Summen blir sett til det same kvar månad, heile året, men du vil ha litt ekstra å rutte med fordi det i desember er halv skatt på lønningar/trygd. Normalt vil altså ikkje julemånaden forandre dette.

Mogelege unnatak:

  • Har du nyleg har hatt ei utleggsforretning kor du har fått trekk på lønna eller trygda?
    Dersom du framleis ikkje har sendt inn dokumentasjon til oss på inntektene eller utgiftene dine, då kan det vere at trekket ditt ikkje er riktig. Les meir...

 

  • Har du svært høge utgifter?
    Dersom du har ekstra høge utgifter på elektrisitet e.l. kan det vere grunnlag for å endre lønns- eller trygdetrekket. Les meir om mogelege utgifter som vi kan ta omsyn til.

 

  • Blir du trekt i prosentar av lønna di, i staden for ein fast sum?
    Dersom du ikkje har ein fast trekksum, men det i staden blir trekk rekna etter ein prosentsats kan dette vere grunnlag for å søkje om ei endring av trekket.


Ønskjer du å søkje om endring i trekket?

Vi kan ikkje endre dette per telefon.
Du må sende inn søknad med dokumentasjon på at inntektene og utgiftene du fører opp er riktige. Du kan sende dette i posten, men det går raskare dersom du loggar deg inn med BankID og lastar opp søknaden og dokumentasjonen i «Kontaktskjema».

Kontakt oss