Ny lov gjer at vi kan hjelpe fleire å krevje inn erstatningspengar

SI kan krevje inn erstatning som er tilkjend i sivile saker. I saker der ein person har vore utsett for ei straffbar handling som krenkjer liv, helse eller fridom, kan vi krevje inn. Anten på vegner av denne personen, eller attlevande etter personen.

Kvinne som går på ein sti

Bakgrunnen for den nye SI-lova

Tidlegare har offeret eller dei attlevande sjølv måtta teke belastninga med å krevje inn erstatninga.
Det å stadig måtte ha å gjere med den som har utsett ein sjølv eller sine nærmaste for ei ugjerning, kan vere meir enn ein maktar, og resultatet har altfor ofte blitt at erstatninga ikkje har blitt kravd inn.

Offeret har vanlegvis allereie forklart seg om det som har skjett tre gongar: fyrst til politiet, så til domstolen i straffesaka, deretter til domstolen i erstatningssaka. Derfor er SI sett til å avlaste den som er skadeliden med å krevje inn erstatninga.


Korleis vil vi krevje inn erstatninga?

SI får snart rett til å krevje inn på vegner av ei skadeliden eller attlevande ved hjelp av frivillig innkrevjing, eller tvangsinnkrevjing. Tvangsinnkrevjing betyr at vi kan trekkje i lønn eller trygd, eller ta utlegg i formuesgode som den erstatningspliktige har. Dersom den som skal betale erstatninga får pengar igjen på skatten, kan vi be skatteoppkrevjaren halde igjen pengane for å dekkje kravet (skattemotrekne).


Det er viktig å merke seg at sjølv om den som skal betale erstatninga har lønn eller trygd, så skal han eller ho ha igjen til livsopphald. Er det ikkje nok pengar igjen til å leve for, kan vi ikkje krevje inn noko før økonomien endrar seg.


Frå når gjeld lova?

Finansdepartementet forventar at lova tre i kraft i løpet av 2013, men nøyaktig tidspunkt blir gjort kjent seinare.
Dersom du blir tilkjend, eller du tidlegare har blitt tilkjent erstatning i ei sivil sak av denne typen, då kan SI krevje dette inn for deg.


Lova gjeld ikkje for alle som har erstatningskrav i same saka

Vi kan berre krevje inn for den personen som er påført skaden, eller attlevande av denne personen. Andre som har erstatningskrav som følgje av den same straffbare handlinga, vil normalt ikkje oppleve det som like belastande å krevje inn kravet på vanleg måte.

Kontakt oss