Forseinkingsgebyr?

Mann som ser på gul-lapper og klokke

Kven skal du kontakte om forseinkingsgebyret?

  • Har du økonomiske utfordringar med å betale forseinkingsgebyret  så kan du dele opp kravet eller utsetje det i sjølvbeteninga på framsida av www.sismo.no.

  • Du kan ikkje klage på forseinkingsgebyret, men dersom du meiner at forseinkinga har oppstått på grunn av forhold utanfor kontrollen til (eininga) selskapet eller dersom det finst særlege rimeleghetsgrunnar for dette, så kan du søkje om ettergiving til Regnskapsregister.

  • Har du har ein varig sterkt nedsett betalingsevne kan du søkje til oss om å få redusert forseinkingsgebyret.


Vi stansar ikkje innkrevjinga mens søknaden blir behandla
Du må betale på kravet inntil saka er avgjord, og du eventuelt får innvilga ei ettergiving eller eit fritak.


Kvifor blir det skrive ut forseinkingsgebyr?

Alle føretak skal levere inn komplett årsrekneskap til Regnskapsregisteret i Brønnøysund innan fristen. Dersom ikkje dette kjem inn tidsnok blir lagd til forseinkinggebyr.


Kven har ansvaret for at rekneskapen er innlevert riktig og tidsnok?

Føretaket, styreleiar og styremedlemer som er registrerte i Brønnøysundregisteret på føretaket, har det formelle ansvaret for å sende inn årsrekneskapen til Regnskapsregisteret. Dersom det ikkje er registrert eit styre, er det deltakarane eller dagleg leiaren som har dette ansvaret.


Dette gjeld utan omsyn til kven som reint praktisk gjer innsendinga, eller om de har ein avtale med rekneskapsførar eller revisor om innsending av årsrekneskapen.


Kvifor sender SI krav om forseinkingsgebyr til meg?

Forseinkingsgebyret vil fyrst bli registrert og varsla på føretaket. Dersom føretaket ikkje betaler innan fristen, så vil også dei andre medansvarlege (solidaransvarlege) få tilsendt kravet. Som solidaransvarlege blir styreleiar og alle styremedlemer rekna, eventuelle deltakarar eller dagleg leiar.


Korleis blir forseinkingsgebyret fordelt mellom dei solidaransvarlege?

Slik blir forseinkingsgebyret fordelt mellom solidaransvarlege.


Er selskapet sletta eller konkurs?

Sjølv om eit selskap går konkurs eller blir sletta , forsvinn ikkje dei ubetalte krava.
Dersom du er solidaransvarleg (dvs. at du har hatt styreverv i selskapet), vil du framleis vere ansvarleg for ubetalte krav. Derfor fortset også innkrevjinga sjølv om selskapet er sletta eller konkurs.


Klage

Rekneskapsregisteret si avgjerd om forseinkingsgebyr er ikkje eit enkeltvedtak som kan klagast på.

Sjekk sjølv om årsrekneskapen er godkjent
For å finne ut om årsrekneskapen er innsend og godkjent før fristen, kan du sjekke dette anten ved å logge inn på www.altinn.no eller ved å søkje på kunngjeringar på www.brreg.no.

Kontakt oss