Vil du dele opp studielånet hos oss?

Dersom du vil bruke sjølvbeteninga til å dele opp innbetalinga av studielånet hos oss, så bør du vere klar over korleis dette fungerer. Det kan hende dette ikkje er den beste løysinga for deg. Les meir under biletet.

Viskelær og blyant
  • Avdragsordninga blir rekna av summen på heile studielånet, ikkje berre ubetalte månadssummar
    Avdragsordninga blir rekna av heile studielånet, inkludert forseinkingsrente og det du har gløymt betale hos Lånekassen (årsaka til at Lånekassen sender kravet til oss for innkrevjing).
  • Du må sjekke sjølv at du ikkje betaler inn for mykje 
    Etter kvart som du betaler månadsavdraga, så må du logge deg inn på "dine sider" hos oss. Her sjekkar du kor mykje som står igjen av månadssummar du har gløymt å betale hos Lånekassen (misleghalde). Når du har nedbetalt det som er misleghalde, inkludert forseinkingsrente - då sender vi lånet tilbake til Lånekassen.
  • Betaler du "for mykje", så går det til å betale ned på studielånet ditt
    Dersom du betaler inn meir enn dei ubetalte terminane/månadssummane, så går dette inn til Lånekassen som nedbetaling på studielånet.
  • Du må samtidig med nedbetalinga hos oss betale dei nye månadssummane frå Lånekassen
    Lånekassa fortset parallelt med dette å fakturere dei vanlege månadsavdraga etter betalingsplanen du har med dei. Dette må du også betale som ein del av avdragsordninga. Det betyr at det kan ta lengre tid å betale ned.

 Kor stor er forseinkingsrenta?

 

Kva vil vere best for deg nå?

Få lånet ditt tilbake til Lånekassen
Det beste er å betale den summen som skal til for at du skal få lånet tilbake til Lånekassen, slik at du kan følgje den vanlege betalingsplanen du har der. Denne summen står i brevet du fekk frå oss.

Når lånet ligg hos oss blir det rekna ei løpande forseinkingsrente av summen på HEILE studielånet - det slepp du når du har det hos Lånekassen, som berre bereknar vanleg studielånsrente.

Sett opp autogiro på Lånekassens månadssum
Vi tilrår også på det sterkaste at du set opp autogiro som trekkjer månadssummen same dag som du får inn lønn/trygd. Dette gjer du i nettbanken din.

Spør Lånekassa om hjelp dersom du har økonomiske problem
Dersom den økonomiske situasjonen din er blitt så vanskeleg at du har problem med å betale månadssummen, så har Lånekassen ei rekkje verkty som kan vere til hjelp for deg.

 

 

Kontakt oss