Har du pengar til gode på skatten?

Dersom du har pengar til gode på skatten, kan vi be Skatteetaten om å halde igjen desse pengane for å dekkje dei ubetalte krava dine hos oss (skattemotrekning). Dersom du ikkje får igjen pengar på skatten vil du ikkje bli skattemotrekna.

Person som tel pengar i ein konvolutt

Vi sender ut førehandsvarsel i månadsskifte mai/juni om skattemotrekning til alle som har krav som vi kan skattemotrekne.

  • Hadde du tenkt at skattepengane skulle brukast på andre ting enn å betale gjeld hos oss?
  • Har du allereie betalt krava?
  • Har du månadlege trekk i lønn eller trygd?


Les meir om dette og grunnar for å søkje om å få behalde skattepengane på temasida vår om skattepengar og motrekning.

Men du kan ikkje klage på skattemotrekninga på førehand, motrekninga må vere gjennomførd. Det betyr at pengane som du skulder oss må vere trekte frå skattepengane du har til gode, før du kan klage. Motrekninga skjer tidlegast mot slutten av juni.

Kontakt oss