Ny sjølvbetening for tvangsinnkrevjing

For deg som har ubetalte krav på tur inn i, eller som allereie er under tvangsinnkrevjing - no finnes det ei heilt ny sjølvbetening.

Film om sjølvbetening på tvangsinnkrevjing

Sjå film om korleis sjølvbetening på tvangsinnkrevjing verkar.

 

Slik bruker du sjølvbeteninga

Logg deg inn på Di side. Har du fått varsel om utleggsforretning, så finn du eit ikon som heiter Varsel. Du finn også tenester for å klage på eit løpande trekk i inntekta di, utleggspant som er tatt eller trekk i tilgode skatt. Du finn tenester under overskrifta Tenester på Di side.

I tenesta Varsel, så kan du sjå kva opplysningar vi allereie har henta inn om deg. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på desse opplysningane.

Du kan sjøl leggje til nye opplysningar eller endre dei i sjølvbeteninga. Du kan også ta bort opplysningar som ikkje lenger er riktig. Legg du til, endrar eller tar bort, så kan du bli bedd om å dokumentere.

Det er blitt enklare å sende inn dokumentasjon
Dokumentasjon som du har lagra på pc, nettbrett eller mobil kan du enkelt laste opp i tenesta. Brukar du nettbrett eller mobiltelefon kan du i tillegg bruke kamerafunksjonen og sende inn eit bilete av dokumentasjonen du ønskjer å gje.

 

Du kan bruke tenesta om du:

  1. Har fått varsel om utleggsforretning

  2. Har løpande trekk i løn eller trygd

  3. Har utleggspant som er aktivt

  4. Er blitt trekt i skattpengar til gode

     

Om ingen av punkta over gjeld for deg, så vil du ikkje finne tenestene.

Kontakt oss