NRK-lisensavdelingen

NRK har i oppgåve å lage et breidt medietilbod for alle som bur i Noreg. Det er bygd på norsk språk og kultur. NRK finansierar dette tilbodet gjennom lisensavgift.

NRK-lisensavdelingen krev inn lisensen for NRK. Dersom du ikkje betaler lisensen til Lisensavdelinga, overtar vi innkrevjinga, det vert då lagt til ekstra kostnader.

Relaterte spørsmål og svar

  • Betalingsutsetjing eller avdrag på NRK-lisensen?

    Du kan ikkje få betalingsutsetjing eller avdrag på NRK-lisens.
    Når kravet er kome til oss er det gått til tvangsinnkrevjing.

    Dersom du ikkje betaler kravet i si heilheit, tar vi  utlegg i lønn, trygd eller andre formuesgoder.

  • Har betalt NRK-lisensen - likevel fått krav?

    Sjekk først om betalinga du har gjort gjeld ein annan termin enn det kravet du har fått no. 

    Ver merksam på at NRK sjølv sender ut lisenskrav to gangar i året.
    Vi sender ut lisenskrav som tidlegare ikkje er betalt inn til NRK.

    Det er vanleg å forveksle den løpande lisensen som NRK sender ut sjølv, med dei mislighaldne lisensane vi sender ut.

  • Ikkje TV i bruk – likevel fått krav om NRK-lisens?

    Du må kontakte NRK lisensavdelingen.

    Telefon: 75 12 27 10

    Adresse:
    NRK - Lisensavdelingen,
    8607 Mo i Rana.

    Eller gå til NRK-Lisenskontoret.

  • Ueinig i krav om NRK-lisens?

    Du kan sende ei klage med grunngjeving til oss. Vi sender denne vidare til NRK-lisensavdelingen.

    Vi stansar ikkje innkrevjinga under klagebehandlinga.

Kontakt oss