Arbeidsområder

SI har ei rekke arbeidsområder.

Jurist

Her kan du forvente å jobbe med rådgjeving, utarbeide rutiner for saksbehandlinga, utgreiing og kvalitetssikring, opplæring og rettleiing, klagebehandling og rettsleg behandling.

IT-konsulent

Som IT-konsulent kan arbeidsoppgåvene variere frå installasjon, konfigurering, drift og vedlikehald av nettverks- og sikkerheitsløysingar til utvikling og administrasjon av overvåkingsløysingar og etablering av nettverks- og sikkerheitsløysingar.

Saksbehandlar

Du kan forvente å få arbeide med både frivilleg- og tvangsinnkrevjing. I tillegg kan saksbehandlarar få oppgåver som produksjonskontroll, herunder kontinuerleg oppbygging og forbetring av kvalitetssikringsrutinar rundt innkrevjinga av pengekrav.

Administrasjon

I administrasjonsavdeling ligg støttefunksjonen for kjerneverksemda. Arbeidsoppgåvene er knytta til økonomi/rekneskap, personal, post/arkiv og det er ulike oppgåver som skal løysast under dei respektive områda.

Leiing

Som leiar på SI vil du møte krav om både erfaring, fagleg dyktigheit og personlege ønskelege eigenskapar. Til saman skal dette dekke behovet i leiargruppa du tilhøyrer og i seksjonen/avdelinga du er satt til å leie. For å vere ein utviklings- og serviceorientert organisasjon vert det forventa at leiaren er i stand til å tenkje strategisk og løysingsorientert, samtidig som det er viktig med evne til å motivere og leie seksjonen/avdelinga på ein formålstenleg måte.