Fagforeiningane

På SI har vi fleire sterke og aktive fagforeiningar.

Norsk tenestemannslag (NTL)

Ca. 185 er organisert i NTL på Statens innkrevjingssentral.

Tryggleik og utvikling på jobben er viktig for alle. Vi i NTL tenkjer på dette heile tida. Det er vår jobb å passe på at du og alle våre andre medlemmar opplever at dei arbeidar på ein trygg arbeidsplass og i eit godt arbeidsmiljø. Vi meiner at du skal ha ei lønn å leve av og ei arbeidstid å leva med.

Les meir hos NTL.

STAFO

Ca. 130 stk er organisert i STAFO på Statens innkrevjingssentral.

Dagens og morgondagens arbeidsliv står ovanfor store utfordringar. Rettigheiter som lenge har vore som ei sjølvfølgje å rekne, som gode lønnsvilkår, pensjon og godt arbeidsmiljø er under stadig endring. Vi er inne i ei tid då det blir viktigere å vere fagorganisert slik at vi kan stå saman for å oppretthalde eksisterande rettigheiter.

Les meir hos STAFO.

Noregs juristforbund

Ca. 18 stk er organisert i Norges Juristforbund på Statens innkrevjingssentral.

Noregs juristforbund er interesse- og arbeidstakerorganisasjonen for norske juristar. Juristforbundets visjon er at medlemmane skal vere ein garanti for rettssikkerheita i samfunnet.

Jurisforbundet arbeidar for å sikre medlemmane best mulig lønns- og arbeidsvilkår, synliggjere viktigheita av juridisk kompetanse i alle delar av samfunnet og gi medlemmane tilgang til kompetanse, nettverk og økonomiske fordelar.

Les meir om Noregs juristforbund.

Akademikarane

Ca. 40 stk er organisert i Akademikarane på Statens innkrevjingssentral. 

Akademikarane er ein arbeidstakarorganisasjon for langtidsutdanna. Organisasjonen vart stifta i 1997. Medlemmane er yrkesorganisasjonar for folk med utdanning fra universitet eller vitanskapeleg høgskule.

Akademikarane består av tretten ulike medlemsforeiningar. Medlemsforeiningane i Akademikarane omfattar primært yrkesutøvarar med mastergrad (hovudfagsnivå) eller tilsvarande utdanning.

Enkeltpersonar kan ikkje bli direkte medlem i Akademikarane. Men dei aller fleste personar med ein mastergrad kan bli medlem i ein av våre medlemsforeiningar.

Medlemsforeiningar: Arkitektenes Fagforbund, Den norske legeforeining, Den norske tannlegeforeining, Den norske veterinærforeining, Krigsskoleutdanna offiserers landsforeining, Naturvitarane, Noregs Juristforbund, Norsk Lektorlag, Norsk Psykologforening, Samfunnsøkonomane, Samfunnsvitarane, Econa, Tekna - Teknisk-naturvitanskapeleg foreining

Les meir om Akademikarane.