Historie

SI vart etablert i Mo i Rana i 1990 som ein etat under Justisdepartementet med 65 ansatte første året. I 1990 kravde SI inn 355 millioner kroner, og hovudoppgåva var å krevje inn straffekrav som til dømes bøter.
I 2001 vart SI overført frå Justisdepartementet til Finansdepartementet.

SI har no vakse til ein etat med 370 ansatte. Årleg innkravd beløp nærmar seg 4 milliardar.

Sidan oppstarten har SI fått stadig fleire statlege oppdragsgjevarar og typer krav til innkrevjing. Dei største oppdragsgjevarane er politiet, NRK lisenskontoret, Vegdirektoratet, Statens lånekasse for utdanning (SLK) og Tollvesenet.

I tillegg til å vere ein statleg innkrevjar er SI og driftssentral for felles saksbehandlarsystem for SI, alminneleg namsmann og forliksråda i Noreg. SI er og driftssentral for politiets økonomisystem og Utleggsdatabasen. Alle systema er utvikla av SI.