Eg har flytt og fått ny adresse - kvar melder eg frå?

Flytter du, må du melde frå både til Folkeregisteret, og til Posten.

1. Folkeregisteret
Endre din folkeregistrerte adresse ved å melde flytting hos Folkeregisteret.

Når du har har gjort dette, så får vi og dei andre offentlege instansane automatisk melding om endringa.

2. Posten
Når du melder adresseendring til Posten, så vidaresender dei posten din til deg frå vedkjende eller kontaktar, som ikkje er informerte enno om at du har flytt. Posten tilbyr noko hjelp, men du må nesten berekne å bruke litt tid på e-postar/adresseendringskort/innlogging og oppdatering av adressa di i profilar.

Du kan melde varig endring av adresse, eller berre ei mellombels vidaresending av post.
Adresseendring hos Posten.

Kontakt oss