Feilmelding på BankID?

Når du får feilmeldingar på BankID ved innlogging på Dine sider kan det skuldast fleire ting.

Du har ikkje BankID likevel...
Mange misforstår og trur at det å ha kodebrikke for eingongskodar til innlogginga i nettbank,  betyr at ein har BankID. Dette er ikkje tilfellet. BankID er eit elektronisk sertifikat som du må ta bestille hos banken din. Typisk feilmelding ved innlogginga vil vere "feil eingongskode" når du ikkje har BankID.

Test: Du kan teste innlogginga ved å bruke BankID hos Skatteetaten. Dersom du får same feilmelding også der, er sjansen stor for at du ikkje har BankID likevel.

Du har slått av Java i nettlesaren din
Pga. problem med java blei mange i ein periode oppfordra til å slå av Java i nettlesaren sin.
For å logge på med BankID hos oss MÅ du ha Java slått på. Les meir om korleis du gjer det på BankID sin nettsider.

Kodebrikka er blitt usynkronisert
Dersom ei kodebrikke blir liggjande i ei lomme/veske og 4-5 kodar uforvarande blir trykt fram, vil dette gjere at den ikkje blir identifisert ved neste innlogging. Då må du be om nye kodebrikke frå banken din.

Kontakt oss