Skattepengar (skattemotrekning)

Dersom du ikkje får igjen pengar på skatten vil du ikkje bli skattemotrekna.

Mynter stabla

 Har vi rett til å dekkje ubetalte krav hos oss med skattepengar du har til gode?

Vi har rett til å skattemotrekne etter SI-lova si § 4. Det betyr at dersom du får pengar igjen på skatten, kan vi gi melding til skatteetaten om å halde igjen desse pengane for å dekkje dei ubetalte krava dine hos oss. Dette blir kalla skattemotrekning.

Har du månadlege trekk i lønn eller trygd?

Har du månadleg trekk i lønn eller trygd (utført av lønningskontor eller NAV) kan vi likevel skattemotrekne deg for å få dekt ubetalte krav hos oss.

Har du betalt for mykje så kjem du til å få pengane tilbakebetalte frå oss.
Det kan ta litt tid og er avhengig av når din skattekommune køyrer utbetalingar på skattepengar.

Har du allereie betalt krava?

Dersom du blir motregnet, vil du motta brevet "Underretning om gjennomført motregning" fra Skatteetaten. På det tidspunktet du får brevet, då har vi allereie gitt beskjed til Skatteetaten om at dei skal skattemotrekne for summen på krav som står i brevet. Vi har ingen moglegheiter til å stoppe motrekninga, dette er for seint når beskjed er gitt til Skatteetaten.

Hadde du tenkt at skattepengane skulle brukast på andre ting enn å betale gjeld?

Å bli skattemotrekna blir ofte opplevt som ergeleg fordi mange hadde tenkt å bruke skattepengar på andre ting. Dessverre er det slik at dersom du har ubetalte krav hos Statens innkrevjingssentral så vil skattepengane bli brukte for å dekkje ubetalte krav.

Fordelen er at du anten blir heilt kvitt, eller i alle fall har fått betalt ned på ubetalte krav hos oss - med dei fordelane det på sikt gir deg (raskare nedbetaling, fjerning av betalingsmerknader når alt er oppgjort og vidare moglegheitene til å få innvilga b.l.a. bustadlån).

Det finst grunnar for at du kan søkje om å behalde skattepengane.

Grunnar for å søkje om å få behalde skattepengane likevel (klage)

Du skal alltid ha igjen til livsopphald. Dersom du treng skattepengane for å ha noko å leve av vil det vere ein grunn for at du kan søkje om å behalde skattepengane.

Grunnar som ikkje blir rekna som gyldige for å få behalde skattepengane

  •     Du har bestilt ferie
  •     Du har eit privat lån du skulle løyse ut
  •     Du hadde tenkt å setje av pengane til sparing

Når det gjeld private lån eller sparing har ubetalte krav hos oss ein høgare prioritet.

Klage på skattemotrekning for å få behalde skattepengane

Du har ein månads klagefrist på skattemotrekninga etter at du har motteke brevet "Melding om gjennomført motrekning" frå Skatteetaten.
Hugs at du må forklare og dokumentere kva det er du meiner at du treng å bruke skattepengane på.
Eksempel på dokumentasjon:

  • Siste lønnslipp
  • Husleigekontrakt og/eller nedbetalingsplan for huslån
  • Kommunale avgifter og bustadforsikring
  • Barnebidrag og/eller utgifter barnepass (SFO/barnehage)
  • Studieprov dersom du forsørgjer barn over 18 år som bur heime fordi dei går på vidaregåande skule
  • Samværsavtale dersom du har barn som ikkje bur fast hos deg


Logg deg inn på Di side og bruk tenesta "Klage på skattemotrekning" eller bruk Klageskjema

Restskatt?

Staten sin innkrevjingssentral krev ikkje inn restskatt, dvs. for lite innbetalt skatt.
Dette gjer Skatteetaten sjølv, les meir om innbetaling av restskatt.








 

 

 

 

 

 

Relaterte spørsmål og svar

Ordbok

  • Heimel

    Eit rettsleg grunnlag i til dømes lov, føreskrift, avgjersle i domstol, vedtak eller avtale.

  • Motrekning

    Oppgjer mellom to partar som står i gjeld til kvarandre, slik at fordringane heilt eller delvis vert sletta.

Kontakt oss