Studielån

Når du mislegheld studielånet sender Lånekassen lånet ditt over til oss. Avhengig av kor lenge du har misleghalde lånet, blir det anten kalla oppsagt studielån eller permanent overførd studiegjeld.

Kvinne som les

Oppsagt studielån

Du kan framleis få studielånet tilbake til Lånekassen
Fordi du ikkje har betalt terminsumen på studielånet innan betalingsfristen, er heile studielånet mellombels sendt til oss.  Dei terminsumane som du ikkje har betalt slik du skulle, kallast misleghalde sum. Å ha studielånet hos oss er dyrare for deg, du bør derfor betale mislegheldt terminsum slik at du får heile lånet tilbake til Lånekassen snarast. Då har du framleis alle rettane dine som kunde hos Lånekassen i behald.
Du må kontakte oss for å få vite hva det misligholdte beløpet er.

Konsekvensar av ikkje å betale summen du har mislegheldt
Dersom du ikkje betaler summen du har mislegheldt eller får ein frivillig betalingsavtale med oss, blir det heldt utleggsforretning og då kan vi ta pant i eigedelar/bustad eller trekk i lønn.
Ei utleggsforretning kan gi betalingsmerknad, dette kan gjere det vanskelegare å få teke opp bustadlån, få mobilabonnement osv. Dersom det blir teke pant, så beheld vi panta inntil heile studielånet er nedbetalt.

Permanent overførd studiegjeld

Vi har overteke studielånet for alltid.
Mislegheld du studielånet ditt i meir enn 3 år, kan lånet bli permanent overført til oss. Vi overtek då all innkrevjing og behandling av studielånet – det er altså berre oss du skal ha med å gjere framover i denne saka.

Når vi no overtek studielånet permanent, mister du alle rettane du hadde i Lånekassen til vidare lån eller stipend i samband med studiar, fram til du får gjort opp for deg. I tillegg blir det rekna forseinkingsrente på heile studielånet.

Dersom du ikkje betaler heile lånet og forseinkingsrentene som er påkomne, eller får ein frivillig betalingsavtale med oss, blir det heldt utleggsforretning og då kan vi ta pant i eigedelar/bustad eller trekk i lønn.
Ei utleggsforretning kan gi betalingsmerknad, dette kan gjere det vanskelegare å få teke opp bustadlån, få mobilabonnement osv. Dersom det blir teke pant, så beheld vi panta inntil heile studielånet er nedbetalt.

Har du problem med å betene studielånet?

Har du problem med å betene studielånet er det viktig at du tidleg tek i bruk dei verktya Lånekassen gir for å ta grep om situasjonen din:

  • Sjukestipend, dersom du er blitt sjuk mens du studerer.
  • Betalingsutsetjing av terminsum,lånet kan totalt utsetjast i 3 år, MEN du må  søkje om utsetjing KVART år. Ei utsetjing kostar også ekstra pengar såg du bør vere sikker på at dette er ei mellombels løysing til du får pengar.
  • Rentefritak for ein periode
  • Rentefritak OG betalingsutsetjing samtidig (såkalla «frysing»)
  • Omstøyte lån til stipend, dersom du oppfyller vilkåra for dette
  • Ettergiving - Hvis du har vore sjuk og kan dokumentere dette eller er blitt erklært ufør, då kan  dette gi grunnlag for å søkje ettergiving av studielånet.

Kontakt oss