3. Tips for romslegare økonomi

Når du har økonomiske problem kan det vere lurt å sjå gjennom økonomien din. Kanskje du kan forandre litt på ting og få det betre økonomisk? Her er ei grei liste over ting du bør sjekke ut:

Kvinne med handleliste i butikk

 

Bustadlån og husleige

  • Be om avdragsfridom på lån eller å få forlengt løpetida på bustadlånet for ein  periode. Sjekk samtidig om bustaden din er blitt verdt meir enn banken har lagt til grunn når dei reknar bustadrenta di
  • Kan du flytte til ein rimelegare bustad?
  • Byte til ein rimelegare bank? Sjekk dette på www.finansportalen.no.
  • Kan du leige ut eit rom i eigen bustad?
  • Du kan undersøkje retten til kommunal eller statleg bustønad. Ta kontakt med Husbanken eller Bostøttekontoret i kommunen din for å sjekke om du fyller vilkåra
 

Straum

  •  Kan du spare på å byte straumavtale eller straumleverandør? Sjekk og sammanlikn prisar frå straumleverandørane i Noreg.
  •  Kan du bruke mindre straum? Les meir på www.enova.no om korleis du kan spare straum.
 

Forsikringar

  • Har du for mange forsikringar? Er du dobbeltforsikra, har du forsikringar både privat og gjennom jobb/fagforeining? Dekkjer nokre av forsikringane dine inntektsbortfall som skuldast sjukdom eller liknande?
  • Sjekk pris hos andre forsikringsselskap
 

  Telefoni/internett

Sjekk om du har eit mobilabonnement som er tilpassa bruken din. Be om å byte til eit rimelegare abonnement hos den leverandøren du har i dag. Vurder også å byte til ein annan, rimelegare leverandør.

 

Vekeblad/avisar

Sei opp avtalar på abonnement du ikkje treng – du kan melde deg inn igjen på eit seinare tidspunkt.

 

Daglegvarer

Gå gjennom rutinane dine for innkjøp av mat. Mange har mykje å spare ved å vere medviten kor ofte dei handlar mat, på kva butikkar – og ved å handle kjedene sine eigne billigmerke». Det kan vere over 50 % å spare på dette. Sjå alle tilboda denne veka på daglegvarer.

 

 Bil

  • Kan du selje bilen? Utgifter til bil kan vere kostbare.
    Kan du ta buss ein periode? Samanlikn i budsjettet din korleis forskjellen ville slått ut i økonomien din.
  • Drivstoff - enkelte dager i uken er drivstoffprisen lavere.

 Medisinar

Har du høge medisinutgifter på kvit resept kan du søkje Helfo om refusjon. Skjema for dette ligg på www.helfo.no
 

 Skattetrekk og bidrag

  • Er skattetrekket ditt riktig justert? Dersom du alltid får igjen pengar på skatten, kan det bety at du betaler for mykje løpande forskotstrekk. Dette er pengar du sannsynlegvis har meir behov for no – i staden for neste år.
  • Dersom du mottek barnebidrag og går ned i inntekt, kan du få forhøgde barnebidrag – sjekk med det lokale NAV-kontoret ditt.
 

Umedvitne vanar?

Mange bekker små kan gi ein stor å, bli det sagt. Somme og ein kvar kan bli overraska over korleis små ting som ein nesten ikkje tenkjer over kan koste ganske mykje. Prøv "sløsekalkulatoren" på Dinside.no

 

 Neste trinn - 4.Kor mykje kan du betale ned på gjelda?

Kontakt oss