Informasjon om Di side


Di side er ei innloggingsteneste der du får oversikt over sakene dine hos oss. Du kan bruke BankID, Buypass og Commfides for å logge deg inn. Bruk innloggingsknappen øvst til høgre for å logge deg inn.


Innhald på di side

  • Kravoversikt
    Når du loggar deg inn kan du sjå alle krava vi har registrert på deg.I kravoversikta kan du sjå kravsum og kva type krav det er.På di side kan du sjølv skrive ut kravoversikt. Du kan også sjå detaljar om kravet. Som for eksempel om kvifor du har fått ei fartsbot, kva bil som blei brukt, når og kvar dette skjedde.
  • Betalingsavtalar
    Du kan sjølv opprette avdragsordning og betalingsutsetjing og sjå kva betalingsavtale du har. Du kan også endre forfallsdato, månadssum og leggje fleire krav inn i ei betalingsordning.
  • Last opp søknadsskjema og dokumentasjon
    Du kan fylle inn søknadsskjemaet som er aktuelt for deg og skanne inn dokumentasjon som viser at opplysningane på inntekter og utgifter er riktige. Deretter lastar du dette opp ved å leggje det som vedlegg i kontaktskjema.
  • Meldingsboks
    Meldingsboksen er din personlege innboks. Her kan du sjå alle breva som vi har motteke frå deg og som er sendt frå oss til deg.
  • Elektronisk kommunikasjon
    Velg du elektronisk kommunikasjon med oss, vil alle breva bli sendt til din meldingsboks på Din side og ikkje heim til deg.
  • Bestille forfallsvarsel på SMS.
    Du kan merkje av at du ønskjer å få eit varsel på SMS om at forfallet på eit krav er passert. Betaler du då unngår du purregebyr.
  • Personalia
    Her står dine personlege opplysningar. Du kan sjølv endre desse opplysningane slik at vi til einkvar tid har korrekte opplysningar om deg som adresse, telefonnummer, e-post m.m.