Sende inn

Korleis sender du inn søknader og dokument til oss?

1. Logg deg inn.
    Klikk på "Kontaktskjema" og fortel kva saka din gjeld.
2. Vel "Last opp vedlegg" (du kan laste opp maks. 10 vedlegg) og legg ved:
  • Dokument som viser at opplysningane dine om inntekter og utgifter i søknadsskjema er riktige.Når vi saksbehandlar kan vi ikkje ta omsyn til opplysningar (f.eks. om utgifter) som du ikkje har dokumentert. Sjå eksempel på dokumentasjon.
  • Utfylt søknadsskjema med opplysningar om inntektene og utgiftene dine.

Har du ikkje dokumentasjon i digital utgåve? -  Slik kan du gjere dokument digitale heime

Får du meldinga "Vi beklager teknisk feil" ved opplastinga? - Moglege årsaker til feilmeldingar

Har du ikkje BankID? Då kan du skrive ut eit skjema på papir, fylle inn opplysningar og sende det til oss i posten saman med dokumentasjon på opplysningane.

Aktuelle skjema

Skjema for avdrag eller utsetjing

Skjema for trekk i lønn/trygd

Skjema for å søkje ettergjeving

Skjema for å søkje utanrettsleg gjeldsordning
Skjema for å gje fullmakt
Klageskjema