Klage på mva. motrekning for enkeltmannsføretak

 

Du kan klage på:

1. Grunnlaget for kravet - du meiner at kravet ikkje er riktig
2. At du treng pengaene til ditt eige livsopphald

Har du ein avdragsavtale for kravet eller krava?
Vêr klar over at alle ubetalte krav, også dei som du har ei pågåaende nedbetalingsordning for, kan bli motrekna.

Klage på grunnlaget for kravet

Dersom du meiner at kravet ikkje er riktig, så kan du klage på grunnlaget, for eksempel at betalingsfristen på kravet ikkje er passert, at det er sendt til feil person, at kravet er gitt urett, at kravet er forelda.

Klage fordi du treng pengane til livsopphald

Dersom du treng desse pengane for å ha noko å leve av (livsopphald), så vil det være ein gyldig grunn for at du kan søkje om å få behalde meirverdiavgift-pengar til gode.

Grunnar som ikkje blir rekna som gyldige for å få behalde mva. til gode

  • Du har bestilt ferie
  • Du har eit privat lån du skulle løyse ut
  • Du hadde tenkt å setje av pengane til sparing
  • Du hadde tenkt å investere i selskapet
  • Du hadde tenkt å betale uteståande krav for selskapet, eller lønn til tilsett

Det er utrekna at du skal setje av pengar til ferie i løpet av året, ferieutgifter blir ikkje rekna som ein del av livsopphaldet. Når det gjeld private lån eller sparing har ubetalte krav hos oss ein høgare prioritet.

Slik klagar du på motrekning i mva. til gode

Du har ein månads klagefrist på motrekninga etter at du har motteke varsla frå oss.

1. Fyll ut klageskjema

Her legg du inn opplysningar om inntektene og utgiftene dine. Hugs at du må forklare og dokumentere kva det er du meiner at du treng å bruke mva. pengar til gode på.

2. Legg ved dokumentasjon på:

  • Kopi av brevet du fekk frå Skatteetaten
    I brevet stadfestar dei at dei har teke i dekning i mva. pengar til gode (beskjed om gjennomførd motrekning). Du kan logge deg inn på www.altinn.no for å finne dette brevet frå Skatteetaten til deg.
  • Inntekt
    Siste lønnslipp eller siste trygdeslipp/pensjonsutbetaling og siste termin sin rekneskapsrapport
  • Buutgifter
    Husleiekontrakt og/eller nedbetalingsplan for huslån
  • Kommunale avgifter og bustadsforsikring
    Eksempel: rekninger på vatn- og avløpsgebyr, renovasjonsgebyr, feie- og tilsynsgebyr, forsikringsavtale på bustadsforsikring eller rekninga.

Dersom du har barn, så må du legge ved tilleggsdokumentasjon:

  • Barnebidrag (kopi av kvittering for ubetalt barnebidrag)
  • Utgifter barnepass (regning frå SFO/barnehage)
  • Studieprov dersom du forsørgjer barn over 18 år (som bur heime fordi dei går på videregåande skule)
  • Samværsavtale (dersom du har barn som ikkje som bur fast hos deg)
3. Send inn klaga og dokumentasjon til oss, hugs signatur.

Saksbehandlingstid på klager

Vi kan ikkje behandle klaga før vi har motteke pengane som mva. motrekna. Når vi har motteke pengane frå Skatteetaten, kan det ta opptil 4 veker å behandle klaga.

Avslag på klaga

Dersom vi ikkje gir deg medhald i klaga, så kan du klage til Helgeland tingrett (klaga blir sendt via SI).

Har vi rett til å dekkje ubetalte krav hos oss med mva. pengar du har til gode?

Vi har rett etter SI-lova si § 4 til å motrekne i mva. til gode. Det betyr at dersom du får mva. penga til gode, så kan vi gi melding til Skatteetaten om å halde igjen desse pengane for å dekkje dei ubetalte krava dine hos oss. Dette blir kalla motrekning i mva. til gode.

Vi sender ut varsel om mva. motrekning til alle dei som har krav som vi kan motrekne i mva. til gode.